F o r e l d r e p u l s e n ® Grunnskule – engasjerte føresette gjev betre læring
februar 2014
Fysisk aktivitet i kvardagen
Ein aktiv fritid legg grunnlaget for ei god fysisk form. Alle barn bør vere i aktivitet minst 60 minutt kvar dag.

Fysisk aktivitet kjem alle til gode

Foreldre som er aktive i kvardagen, vel å gå eller sykle når det er mogleg, deltek i aktiv leik med barna og mosjonerer jamleg, er gode rollemodellar for skulebarna. I tillegg kjem den aktive livsstilen alle i familien til gode. Med ein aktiv kvardag følgjer gjerne betre helse, meir energi og betre svevn. Dette dreg både skulebarn og vaksne nytte av. Fysisk aktivitet gjev betre konsentrasjonsevne og motorikk.

Leik og fritid

Mange barn er framleis i aktiv leik langt opp i skulealder, men mange opplev òg at den fysiske leiken vert sjeldnare til fordel for meir stillesitjande aktivitetar og samvær. Å vere ute er den beste garantien for at barna er i aktivitet. Oppmode til uteleik, ta barna med på turar og involver dei gjerne i fysiske arbeidsoppgåver som snømoking, graving og rydding ute.

Skulevegen

Skulevegen var tidlegare ein arena for dagleg fysisk aktivitet for norske barn. I dag er det berre omtrent halvparten av skulebarna som går til og frå skulen. Dei små skulebarna kan gjerne gå saman med foreldra eller i organiserte følgjegrupper. Av og til er skulevegen og familielogistikken slik at det er naudsynt å køyre barna til skulen. I slike tilfelle går det ofte an å sleppe av barna eit lite stykkje frå skulen, slik at dei får gått litt. Det fører ofte til ein tryggare trafikksituasjon for både dine og andre sine barn òg, fordi du unngår å køyre heilt fram og sleppe av barnet der mange barn og bilar møtast i hektisk morgonavlevering.

Aktivitetstips i vinter:

  • Skøyter
  • Aketurar
  • Skiturar og skileik
  • Grave snøhole
  • Byggje snømann
  • Skogturar med bålbrenning
  • Isfisketur
  • Tur med spark

Video: Barn har godt av å være i aktivitet

Kjelder: Bufetat, helsenorge.no, nhi.no, fhi.no
Foreldrepulsen er ei lisensiert abonnementsteneste. ©2014 infoREGI. infoREGI arbeider etter Tekstreklameplakatens sine reglar for god presseskikk. infoREGI har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsidar som det lenkast til.