F o r e l d r e p u l s e n ® Grunnskule – engasjerte føresette gjev betre læring
mars 2014
Leggje til rette

– leksehjelp på småskuletrinnet

Ofte treng småskulebarna litt hjelp til å halde fokus og vere sikker på at dei har forstått oppgåva.

Kor mykje skal vi blande oss?

Å vere interessert og engasjert i barnas læring, er aldri feil i leksesituasjonen. Etter fyrste klasse er gjerne forventingane til det barna skal levere inn, vorte litt høgare. Det er lurt å ha ein dialog med læraren om kor mykje de bør rettleie og korrigere i arbeidet til barna. Som foreldre skal vi prøve å finne balansen mellom å stille høge forventingar utan å krevje så mykje av barna at dei vert motlause. Mange barn jobbar svært sjølvstendig, men det kan vere ein god idé å titte innom i blant for å sikre at barnet har forstått oppgåva.

Leksehjelp på skulen

Mange 1.-4.-klassingar har organisert leksehjelp på skulen, og gjer unna store delar av leksene der. Det er likevel viktig at foreldre ser over og snakkar med barna om leksene dei har gjort, for å halde seg oppdatert på kva barna jobbar med. Foreldra må òg følgje opp at leksene er skikkeleg gjort. Leselekser bør alltid gjerast heime.

Ein god leksesituasjon

Småskulebarna har ofte lange dagar med skule og SFO, og er gjerne slitne når dei kjem heim. Sørg for litt påfyll av mat og drikke, og få leksene unnagjorde før fritids- og leikeaktivitetar startar. Av og til kan småskulebarna ha nytte av å samarbeide med ein klassekamerat om leksene, særleg om dei er gode læringspartnarar. Pass på at stunda òg vert prega av konsentrasjon og sjølvstendig arbeid.

Når småskulebarna skal gjere lekser:

  • Legg kvardagen til rette.
  • Hjelp til med å halde fokus og forstå oppgåva.
  • Still høge forventingar.
  • Gje ros.
  • Sjekk lekser som er gjort på leksehjelp.

Video: Hjem-skole-samarbeid
Hva kan skolen forvente av foreldrene?

Kjelder: FUG, NRK
Foreldrepulsen er ei lisensiert abonnementsteneste. ©2014 infoREGI. infoREGI arbeider etter Tekstreklameplakatens sine reglar for god presseskikk. infoREGI har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsidar som det lenkast til.