Stimulere, stimulere, stimulere
Det er fort gjort å få kjensla av at barna aktivt må stimulerast på alle område heile tida, for at dei skal utvikle seg optimalt. Vi kan ofte bli redde for at dei går glipp av ting eller at dei ikkje får utnytta potensialet sitt til fulle. Men barna har ikkje behov for at det skjer noko heile tida. Dei treng ro òg. Ro til å tenkje, finne på ting på eiga hand og til å gjere ingenting. Når all tida til barna er bunden opp med organiserte aktivitetar, blir det lite rom for å utvikle eigen fantasi og kreativitet.
Ver ærleg og ekte
Å lære å handtere eigne kjensler, er ein del av det å vekse opp. Da er det til god hjelp om foreldra er ærlege og opne om kjenslene sine, og tør å vere ekte. Det er ikkje farleg å vise kjensler overfor barna. Det kan vere vel så utrygt for dei om dei fangar opp at det «er noko», utan at dei får vite noko om kva det er. Det er likevel viktig å vere klar over at sterke kjensler kan verke skremmande for barna. Prøv å ikkje miste kontrollen over kjenslene når du er saman med dei. Tenk gjerne gjennom på førehand kor grensene for kjensleutbrot går, før du tar opp vanskelege saker eller går inn i ein konflikt med barnet. Konfliktar er ein del av livet, og kan vere både konstruktive og lærerike i ein familie. Av og til kan det likevel gå over stokk og stein i kampens hete, og da er det viktig å snakke med barnet etterpå. Ikkje ver redd for å seie unnskyld!
Det er ingen skam å be om hjelp
Nokre gonger kan familien hamne i ein vond sirkel der konfliktar og bråk pregar kvardagen. Kanskje opplever du at det går for langt, og vanskelege situasjonar endar med trugslar eller vald. Dette er svært tungt å leve med, og gjev kjensler av skam, skuld og anger. Som vaksen har du da ansvar for å hjelpe dykk ut av denne situasjonen. Det krev mot å be om hjelp. Hugs at det ikkje er eit teikn på at du er mislukka, tvert i mot er det eit teikn på styrke å be om hjelp når ein treng det!
Foreldrepulsen er ei lisensiert abonnementsteneste. ©2015 infoREGI. infoREGI arbeider etter
Tekstreklameplakatens sine reglar for god presseskikk. infoREGI har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsidar som det lenkast til.