F o r e l d r e p u l s e n ® Grunnskule – engasjerte føresette gjev betre læring
desember 2014
Ein ekstra kring bordet
Éin som bryr seg i juletida kan vere nok til å bryte den vonde kjensla av utanforskap.

Du kan vere «den eine» i jula

Mange barn lever i vanskelege heimeforhold. Dei har ein tøff kvardag, er sårbare og opplever jula som ei ekstra tung tid. Det kan vere mange årsaker til at barn har det tøft. Fattigdom, rusproblematikk, sjukdom og einsemd kan vere nokon av forholda som slit på barna. I jula er vi omringa av forventingar om familielykke, fellesskap, tryggleik og glede, og kontrasten blir ekstra stor for dei barna som manglar noko av dette. For desse barna kan ein vaksen i nærmiljøet som ser dei, som inkluderer dei i aktivitetane og juleførebuingane til sin familie, som tilbyr dei eit pusterom frå ein krevjande kvardag, vere gull verdt.

Kva kan du gjere?

Fyrst og fremst må du sjå barnet som strever. Lær deg namnet, merk deg små eller store ting barnet interesserer seg for, lytt på kva det har å seie og vis at du forstår. Du skal òg vere tydeleg på dine grenser. Ver en føreseieleg vaksen, forklar kva du meiner og stå for det. Opptre inkluderande overfor barnet slik at det kjenner seg som ein velkomen del av fellesskapet. Det er ikkje mykje som skal til; inviter med nabojenta på pepperkakebaking, tilby skyss til og frå nissefesten og la klassekompis bli med på julefilmkveld i sofaen. Mange familiar har ikkje ressursar til å ta del i alle dei små tradisjonane og førebuingane til jul. Ver våken og raus overfor desse barna. Del glitteret til ditt barn med jenta i luciatoget som ikkje fekk med seg nokon kvit kjole. Hugs at fjortisar tykkjer òg det er hyggeleg å bake, pynte og ha ei fin førjulsstund saman med vaksne. Kanskje kan naboguten få med seg ein kakeboks heim etter bakelag hos dykk?

Frå sida til Unicef «Den eine i jula»:

    Jula er som eit forstørringsglas. Det som kjennast godt blir enda betre, og det som er trist og vondt, kjennast vondare.

Video: UNICEF Julekalender
Håvard Tjora, Den ene

Kjelder: Unicef
Foreldrepulsen er ei lisensiert abonnementsteneste. ©2014 infoREGI. infoREGI arbeider etter Tekstreklameplakatens sine reglar for god presseskikk. infoREGI har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsidar som det lenkast til.