F o r e l d r e p u l s e n ® Grunnskule – engasjerte føresette gjev betre læring
september 2013
Verdigrunnlaget til skulen
Den generelle delen av læreplanen inneheld eit overordna perspektiv på læring. Her finn vi sju kapittel om korleis opplæringa skal ta hand om heile mennesket.

Kunnskapsløftet- ein læreplan delt i tre

Læreplanen Kunnskapsløftet er delt inn i tre hovuddelar. Den fyrste – generell del – sett overordna mål og fortel om verdiplattforma til skulen. Så følgjer «Prinsipp for opplæringa», som definerer grunnleggjande prinsipp og krav som skal prege og forplikte alle skular. Til sist finn vi fagplanane for dei enkelte faga.

Generell del av læreplanverket

Generell del av læreplanen fortel om dei mange ulike rollene skulen fyller i samfunnet. I generell del skal du finne grunnlaget for menneskesynet til skulen, og deira syn på læring. Den fortel òg noko om kva for nokre menneske opplæringa har som mål å bidra til.

De sju «menneska»

Den generelle delen av læreplanen er delt inn i sju kapitel, sju sider ved mennesket som opplæringa har som mål å ta hand om. Det meiningssøkjande mennesket handlar om kulturarv, livssyn og identitet. Det skapande mennesket tar for seg kreativitet, vitskap, og læringstradisjonar knytta til teori og praksis. Det arbeidande mennesket ser på læringsarbeid gjennom aktivitet og lagarbeid, og kor viktige foreldra er som rollemodellar. Det allmenndanna mennesket har kunnskap, tradisjon, heilskaplege referanserammer og global forståing. Det samarbeidande mennesket vektlegg fellesskap, plikter og ansvar, læringsmiljø og foreldredeltaking. Det miljømedvitne mennesket er oppteken av natur, økologi og globale utfordringar. Det integrerte mennesket balanserar dei tilsynelatande motstridande formåla i opplæringa med ansvarskjensle og avgjerder basert på kunnskap, verdiar og forståing av konsekvensar og samanhengar.

Om foreldre i læreplanen:

«Dersom skulane skal fungere godt, krevst det at foreldra kjenner både kvarandre og kvarandres barn.»

«Foreldra har primæransvaret for oppfostringa av barna sine.»

«Læringsmiljøet femner også om foreldra.»

Video: Om retten til en god skole

Kjelder: FUG, Udir, KD samfunnskunnskap.no
Foreldrepulsen er ei lisensiert abonnementsteneste. ©2013 infoREGI. infoREGI arbeider etter Tekstreklameplakatens sine reglar for god presseskikk. infoREGI har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsidar som det lenkast til.