|
Les på bokmål
her>>>
Det nærmar seg slutten av eit skuleår. Alle elevane står overfor store
eller små endringar og overgangar. Overgang til nytt
trinn, ny klasse, ny skule, ungdomsskule eller
vidaregåande skule. Mange barn opplever desse
overgangane som vanskelege og dei kan være ekstra
sårbare no. Det er ekstra viktig at dei føresette er
engasjerte i
denne fasen.
Alle overgangar og miljøendringar medfører usikkerheit i
større eller mindre grad. Å takle endringar er ein
eigenskap som må lærast. Som vaksne har vi mange
erfaringar og høg kompetanse på dette feltet.
No er det viktig at vi er til stades og blir med
barna våre vidare.
På
nettstaden til
Mentalhelse.no
kan vi lese at dei kvart år mottek opp til 5.000-6.000
meldingar frå barn og unge.
Dei ser at for barn og unge kan livet ofte være
prega av endringar og overgangar. Og for ein del unge
kan det sjå ut som om enkelte problem startar i samband
med ein vanskeleg overgangsfase.
Frå
barneskule til ungdomsskule
Overgangen frå barnetrinnet til ungdomstrinnet kan vere
utfordrande å handtere for mange elevar. Her vil dei
møte nye læringsmiljø, nye lærarar og nye forventningar.
Vidare er overgangen kjenneteikna av at elevane i
ungdomsskulen for første gong får erfaring med formell
vurdering med karakter.
Fra
ungdomsskule til vidaregåande
For
mange er møtet med ein ny skule og eit nytt miljø
utfordrande. Undersøkingar viser at bortimot ein fjerdedel av dei elevane som sluttar
i vidaregåande opplæring, sluttar i løpet av det første
skuleåret. Også høgt fråvære og svake karakterar har
stor effekt på sannsynet
for å slutte. Overgangen til vidaregåande skule
gir eleven enda høgare grad av fridom og ansvar. Ikkje
alle forvaltar dette til sitt eige beste.
Kva kan vi gjere?
Å
vere til stades og støtte er viktigare enn nokon gong.
Barnet skal føle at det ikkje er åleine: Endringa angår
heile familien.
·
Kunnskap er tryggleik.
Gå igjennom i lag all informasjon de har om det nye
læringsmiljøet.
·
Tryggleik er svar.
Er det noko de lurer på, så er det lov å ta ein telefon
og spørje.
·
Snakk om usikkerheita.
Kva fryktar du? Kor stor muligheit er det for at dette
vil skje?
·
Fokuser på det positive.
Fortel gode historier frå dine eigne overgangar. Snakk
positivt med venner og foreldra deira.
«Evna
til å takle forandring og tap styrkes dersom vi forstår
at endring er en vesentlig del av livet, og noe som kan
ha både positive og negative følger».
(Organisasjonen
Voksne for Barn)
Overgangen er ikkje slutt i august
Vi
kan karakterisere ein overgang som vellukka når barnet
har funnet seg til rette, føler seg trygg og arbeider
godt. Det tar tid å finne plass sin og å innarbeide nye
rutinar i eit nytt miljø. Sørg for at det blir
tilrettelagt for den nye kvardagen også i heimen. Gode
rutinar i heimen betyr mykje.
|