F o r e l d r e p u l s e n ® Grunnskule – engasjerte føresette gjev betre læring
juni 2015
Ferdigheiter for framtida
Korleis bør skulen førebu barna på morgondagens samfunn?

Samfunnsutviklinga

Endringar i samfunnet skjer stadig raskare. Det tyder at krava til kompetanse og kunnskap blir endra i høgare tempo enn nokon gong. Noreg blir eit stadig meir kunnskapsbasert samfunn, og kompetanse blir dermed vår viktigaste ressurs for framtidig velferd og verdiskaping. Globaliseringstrenden held fram, og kommunikasjon og kulturforståing på tvers av landegrenser blir viktig å meistre i morgondagens samfunn. Teknologi pregar samfunnet vårt i stadig større grad. Skuleelevar i dag handterer teknologi i skule og fritid, og etter kvart òg i studium og arbeidsliv. Gjennom teknologi kjem òg tilgang til uendelege mengder informasjon, som elevane må kunne orientere seg i, vurdere kritisk og gjere hensiktsmessige utval av.

Framtidsskulen

Det er mange som har gjort seg tankar om korleis skulen på best mogleg måte kan møte desse behova i framtidssamfunnet. Nøkkelferdigheiter for framtida blir ofte kalla Kompetanse for det 21. hundreåret. Blant dei kompetansane som blir trekte fram som viktige, er blant anna å kunne tenke kritisk og løyse komplekse problemstillingar, samarbeide og kommunisere, vere kreativ og nyskapande, og opptre ansvarleg og etisk i eit demokratisk samfunn. Det blir òg trekt fram at det er naudsynt å ha kunnskap om eigen læringsprosess. Å vere bevisst på korleis ein best tileignar seg ny kunnskap, å kunne arbeide sjølvstendig og målretta og å vere i stadig utvikling. Regjeringa har satt ned eit utval som skal sjå på korleis skulen kan møte desse behova i framtida. Ludvigsen-utvalet skal levere hovudrapporten sin i juni.

Fire kompetanseområde for framtida:

  • Fag og fagområde
  • Kompetansar i å lære
  • Kommunikasjon, samhandling og deltaking
  • Utforske og skape

Video: Sten Ludvigsen om fremtidens skole

Kjelder: Ludvigsen-utvalet
Foreldrepulsen er ei lisensiert abonnementsteneste. ©2015 infoREGI. infoREGI arbeider etter Tekstreklameplakatens sine reglar for god presseskikk. infoREGI har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsidar som det lenkast til.