F o r e l d r e p u l s e n ® Grunnskule engasjerte føresette gjev betre læring
november 2013
Å utvikle heile mennesket
Gjennom arbeid med musikk, kunst og praktiske oppgåver utvikler barna kreativitet, skaparglede, meistrings- kjensle, samt evna til å lytte og vere merksam. Dette er viktig for lærelysta og læringsutbytet til barna. Læring om kunst og kultur har i tillegg stor eigenverdi.
Nemninga praktiske og estetiske fag i skulen vert nytta om faga musikk, mat og helse, kroppsøving og kunst og handverk.
Motivasjon og meistring
Mange barn likar godt å jobbe med dei praktiske og estetiske faga. I Elevundersøkinga oppgjev elevane på ungdomstrinnet at kroppsøving og kunst og handverk er dei faga dei likar best. Det tyder at opplevinga av motivasjon, inspirasjon og meistring er stor. Denne kjensla er av stor verdi for elevane si oppleving av skulekvardagen, og kan ha overføringsverdi til andre område.
Dei estetiske faga sin verdi for læring
Det er ein sterk samanheng mellom høg kvalitet på undervisninga i dei estetiske faga, og elevane sine resultat i til dømes språk og lesing. Kunst og kultur i skulen gjer elevane meir oppfinnsame, styrkjer motivasjonen og auker sosial og kulturell kompetanse, innovasjon og skaparevne. Musikk kan nyttast for å styrkje hukommelse og merksemd. Ein medveten bruk av musikk i opplæringa kan dermed vere veldig effektiv.
Kunstfaga sin eigenverdi
Kunst og kultur har stor eigenverdi, og estetiske fag skal difor ha ein sentral plass i skulen. Skulen er kulturberar og ein kulturarena, og den skal opne dører til meir og ny kunnskap. Kunst- og kulturopplevingar er verdfull for den einskilde elev si personlege utvikling og livskvalitet. Opplæring i praktiske og estetiske fag er viktige verkemiddel for å skape kulturell forståing og toleranse.
Skapande evner vil seie å:
Finne nye løysingar på praktiske problem ved uprøvde grep og framgangsmåtar
Spore opp nye samanhengar gjennom tenking og forsking