|
Les på bokmål her>>>
Sommaren står framfor oss, og er ei avkopling frå
skulekvardagen. Ei utfordring er at barn gløymer eller
misser deler av det dei har lært om dei ikkje blir
engasjert i lærande aktivitetar gjennom sommaren. Her
gir vi deg nokre tips om korleis du kan legge til rette
for ein lærande sommarferie.
Her er nokre
forslag som kan fremje utviklinga i ferien. Du kan også
gjerne kommunisere
med lærarar og høyre om dei har forslag til
læringsaktivitetar
·
Oppretthald rutinar og struktur
·
Set mål og lag utfordringar
·
Forstå barna sine interesser
·
Lag læringserfaringar
·
Engasjer barna i kreative aktivitetar
·
Set rammer og ver tydeleg på at du har forventningar
Det treng ikkje vere dyre aktivitetar. Det kan vere at
det i din kommune er organisasjonar, skular og bedrifter
som har tilbod med læringsfokus i sommarferien. Elles
kan det anbefalast ein tur til biblioteket dette er
ein flott og gratis ressurs, finn bøker som passar til
ditt barn og set av tid til lesing kvar dag. Lesetips
kan du finne i denne
Foreldrepulsen>>>
Fleire forslag:
Utforsk og lær.
Dersom du er på biltur så vel ein stad med eit tema for
læring. Å reise på telttur/campingtur kostar lite og her
er eit godt høve til å lære om naturen.
Gje matematikk meining.
Mål objekt rundt huset og i nærområdet. Sjekk temperatur
dagleg. Legg saman eller trekk frå beløp når du handlar.
Lær brøk når du lagar mat.
Meir om matematikk i kvardagen kan du finne i denne
Foreldrepulsen>>>
Tips.
Det ligg mykje fokus og læring i veret. Inspirer barnet
til å lage ein verstasjon
sjå korleis
her>>>
Leik ute.
Skru av TV og elektroniske spel og prøv heller å
organisere fysiske aktivitetar utandørs.
Bidra i lokalsamfunnet.
Vis korleis ein kan delta i nærmiljøet; ver med på å
rydde i parkar, hjelpe eldre osv. Dette byggjer opp
omtanke for andre og stoltheit over eige lokalsamfunn.
Lag timeplan.
Ha daglege rutinar gjennom sommaren med struktur og
avgrensingar. Nøkkelen er både å ha balanse (ikkje for
streng, men ikkje før laus) og å halde barna engasjerte.
Førebu hausten.
Finn ut kva barnet skal lære om i neste skuleår og
begynn å øve på dette.
Fokuser på kommunikasjon.
Få barnet til å diskutere eller skrive om bøker han/ho
les eller at dei lagar ei oversikt over
favoritthendingar og
aktivitetar gjennom sommaren.
Dra fordel av lokale tilbod.
Reis til parkar, museum, dyreparkar og friluftsområde.
Lek inne.
Sjølv om mange ser på spel som tidsfordriv og
underhaldning, har mange spel «skjulte» kvalitetar. Det
kan handle om å lære seg å samarbeide, kommunisere,
konsentrere seg og å få utløp for kreativitet og
utforsking.
Med ønskje om ein riktig god sommar.
Foreldrepulsen er tilbake ved skulestart. Håpar familien
får eit stort
behov for solkremJ
|